Vis ett enkelt innlegg
Gammel 12-10-2013, 12:27   #4
marse
Fersk på forum
 
Medlem siden: Aug 2012
Innlegg: 15
Standard

Hei, eg syns det har vore slitsomt å bli behandla ein annan plass enn der eg bur. Det er slitsomt med å få time for ultralyd på kort tid på heimlplassen og mykje styr med faxing og ringing. Dette har vore eit stort stressmoment for meg, så no når dei endeleg har fått tilbodet her i Bergen valte vi å fortsette her. Det går jo Ann å forsøke utlandet ein gong, og viss det skulle bli aktuelt med fleire gongar (krysser fingrane for at dykk slepp det!) så kan dåke vurdere om dåke vil fortsette i utlandet eller i Noreg. Ivf-klinikken Oslo brukar european spermbank og der har dei ganske stort utval. Du kan gå inn å sjå på nettet over donorer.

Og så til valet om du skal velge open eller lukka donor. Vi tenkte lenge på dette, og kom fram til at vi ville ha open donor fordi vi tenker at det er jo barnet sitt liv og at det må få bestemme sjølv om ho/han vil treffe biologisk far. I tillegg tenkte vi på det med at tenk om det skjer noko og barnet treng transplantasjon av noko, då er det greitt å kunne oppsøke biologisk familie. Og så var nok det at vi ville behandlast i Norge ein avgjerande faktor også. Men eg forstår deg veldig godt!

Masse lukke til!
__________________
–------------------------------------------------------------

Prøvarar sidan nov 2011
1. AID mars 2013 - neg
2. AID mai 2013 - neg
3. AID juni 2013 - neg
4. IVF sep 2013 -avbrutt
5. IVF jan 2014 - termin oktober
marse er ikke logget på   Svar med sitat