Eg skjønar godt kva du meiner, Ynskjelita. Det virkar som om alle er gravide eller har små born. Det kjennes som om hjartet vert rive i to kvar gong eg ser lykkelige familiar og gravide. Det kjennes fælt å bli så bitter, men samstundes er det ikkje noko ein kan kontrollera.
Eg er i gruppeterapi for å læra å leva med mitt, men tenkjer at sorggruppe for barnlause hadde vore godt og. Eg bur på austlandet, så eg får finne meg ei gruppe her, men lukke til med å starta ei gruppe i Bergen. Eg håpar de får det til, for det å kunne snakke med andre, ansikt til ansikt, og å kunne gje empati og omsorg til andre er veldig helande for sjela.